Verkstadklubben vart stifta på Folkvang 11 sept. med Lars Dybvik som formann i 1945. Klubben heitte den gongen Stord jern og metallarbeider-forening.

Historie

1952 vart eit vendepunkt for arbeiderrørsla på Stord ,der tyngda ikkje lenger låg på Litlabø. Det var den lokale fagrørsla i Leirviks området ein fann framtidsvonene og det forelåg planar om oppretting av verkstadklubbar i området. Laurdag 9. februar gjekk to møte av stabelen på Folkvang hospits. Først årsmøte til Stord Jern og metall. Deretter vart møtelyden sitjande og det var klart for stiftingsmøte for verkstadklubben på A/S Stord. Knut Handeland vart samrøystes valt til leiar også her. Klubben har no om lag 700 medlemmer.

Eit skille mellom klubb og avdeling var eit faktum. Det synte seg at det var i verkstadklubben tyngdepunktet i avdelinga låg og lønsnivået  her vart retningsgjevande for mange av dei andre industriverksemdene lokalt. Relasjonane mellom klubben og bedrifta vart dårlegare som følge av å modernisera arbeidarane i 1954-55. Arbeidstilhøva for tillitsmennene var ikkje gode, og forhandlingar resulterte i 3 halve dagar fri for klubbformannen til å vere på klubbkontoret. Dei andre tillitsmennene skulle få gjennomsnittsforteneste for sine grupper når dei gjorde tillitsmannsarbeid. Jarle Lorentsen var formann då.

Vestlandskonferansen såg dagens lys i 1955 der klubbar frå heile kysten søkte å løyse felles problem. Då bedrifta (no Stord Verft)i Mai 56 gjekk inn i Aker Gruppen hadde klubben vorte dårleg informert i forkant og først eit år seinare vart planar om nye dokken presenterte.

Eit anna sentralt forhold som skapte uro var lønssystemet som kuliminerte i innføring av fastløn hausten 57 og gjort gjeldande i jan 59. Hans O Gravdal var klubbformann her.

Overgongen til det nye lønsystemet førte til at produksjonsutvalet vart revitalisert og klubbformannen vart verande på full tid.
I 1957 såg hyttene på Føyno dagens lys og året før vart Lundarstølen kjøpt.

I 1958 vart det halde klubbkonferansar for å diskutere det nye lønssystemet og dette vart starten på eit konsernsamarbeid og gav som resultat ein rammeavtale (lønsavtale) for konsernet. Ein ny organisasjonsform innan norsk fagrørsle vart etablert(fellestillitsmann) som Ragnar Kalheim besatt frå 1961.

Etter at tilgongen på sild svikta vart det slutt på sildoljefabrikken i 61, og området rundt vart teken hand om av Stord verft. Det vart ei vanskeleg tid frå 1957 og 7 magre år fylgde grunna fallande fraktrater og for mange båtar hadde vorte tinga og kanseleringar vart utbreidd. Krav frå klubben om produktvitetssekretær på fulltid vart godteke av bedrifta. Nattarbeid og laurdagsfri vart viktige stridsspørsmål og forbundet vart involvert for å roe gemytter. Tariffstridige aksjonsformer vart praktisert.

Overgongen frå rammeavtaler til ein desentralisert modell: Etter strid i klubben vart dette gjennomført og dei lokale forhandlingane fekk større plass. Det var ikkje sjeldan at klubben tok til motmæle overfor forbund og Landsorganisasjonen. Eit døme på  det er ei klar oppfordring om at Lo formannen skulle trekkje seg i 1966 under tariffoppgjeret .

Arbeidstilhøve og verneombudsaktiviteter kom meir opp på dagsorden.

Andelssaka i avd 118  som kom opp i 1967  vart ei opprivande og vond hending der det vart avdekka rekneskapsrot og ikkje god økonomisk styring. Motsetnaden mellom Oscar Danielsen og Lars Sætrevik var store og begge hadde sine støttespelarar.

Eit medlemsmøte vedtok eit forslag om at Sætrevik skulle trekkje eg frå verva sine. Andelslaget vart lagt ned i 1968. Denne saka skulle imidlertid halde fram  og med mykje mistenkeleggjering. På årsmøte i 1969 vart William Rafdal (etter mykje om og men korvidt Hans O Gravdal kunne velgast).

Lokalt fekk bedriftsdemokratiet større plass  i bedrifta med avdelingsutval, bedriftsutval og seinare konsernutval og styrerepresentasjon.

Tidlegare klubbleiarar